Fredag 1. august 1879 tentes lyset på Lepsøyrev fyr på Sunnmøre. Fyret erstatta Norges første fyrskip, etablert 1856. For å trygge skipstrafikken gjennom revet var det naudsynt å bygge ein omlag 220 meter lang molo. Det åttekanta tårnet av betong er 11,5 meter høgt. I tårnet er det fire rom og eit kjøkken. Arbeidet vart leia av Martin Mork frå Dalsfjord. Omlag 40-50 mann deltok i arbeidet. Fyret vart elektrifisert i 1930. Den 5 meter breie plattforma på austre side vart støypt sommaren 1933. Plattforma hadde opphavleg rekkverk og ei pivotkran som kunne løfte 500 kg. Samme år vart toalettet gjort om til wc med pumpe for skylling. I 1956 vart fyret automatisert og avfolka. Etter store utdjupingsarbeid vart fyret lagt ned laurdag 29. mars 2014. Lepsøyrevets fyrvener arrangerer møter og kunstutstillingar.
CC AttributionCreative Commons Attribution
Comments